Berre ein gråor

Han står lagleg til for hogg. Neste gong eg går forbi kan han vere borte og eg veit at eg vil sakne han litt då. Uryddig, prega av storm, snøtyngd og råte og slett ikkje verneverdig på nokon måte. Men eg likar dette treet som står der slik for seg sjølv ute på ei attlege, overlete til ein grunneigar som når som helst kan bestemme seg for å kvesse saga si og gå ut og få jobben gjort på ein augneblink. Det er berre slik det er, slik det berre må vere. Men eg vil nok sjå det som eit lite tap den dagen han fer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *