Verda mi

Lenke til større versjon: verda

Det er ugreie i sysakene våre får vi høyre. Mest kvar bidige dag vert vi presenterte for fenomen og hendingar som kan takast til inntekt for dette synet. Det kan vere flaum, tørke, stormar, ekstreme temperaturar, fuglar som dett ned frå himmelen og humler og bier som forsvinn sporlaust. Ein kan velje å tru at alt dette ikkje er noiko nytt, at det kun skuldast at vi no til dags får alt elendet i heile verda rett inn i stovene våre. Eller ein kan kapitulere og innsjå at verda som vi kjenner ho er i ferd med å endre seg. Så kan ein diskutere til ein vert blå om dette skuldast naturlege svingingar eller om det er menneskeskapt.

Det offisielle synet til dei som regjerer landet vårt for tida er at endringane skjer, at dei for ein stor del er menneskeskapte og at vi kan bremse dei ved å strupe uttak av depepotressursar som gass olje og kol og/eller lagre forbrenningprodukta under Nordsjøen og liknande stader.

Når det gjeld dei som sit med ambisjonar om å overta styringa her i landet etter neste val, er synet på saka meir variert, men i den leiren er det nok større oppslutnad om synet som går på at i den grad endringar skjer, så skuldast det naturlege svingingar vi ikkje kan påverke.

Men uansett syn på dette, er det ein viktig ting som sjeldan vert omsnakka og det er at lageret med depotressursar ikkje har påfyllingsrør. Gjort er gjort og spist er spist. Vi får stadig små hint om  at lagerbehaldinga av viktige ressursar er i ferd med å minke merkbart. Vi er vane med å kunne styre tilgangen med å opne eller strupe ventilen. Men når tanken er tom, hjelp det ikkje å opne ventilen om han har aldri så stor kapasitet. Eg tykkjer vi burde halde oss med politikarar som også torer å ta omsyn til denne problemstillinga.  Problemet er at det å flagge eit slikt syn er jamgodt med politisk sjølvmord.

5 tanker om “Verda mi

  1. KEE

    Det er selvsagt bra å kunne nytte lagerressurser som mineraler og annet, men en verdi er ikke varig før den kan brukes flere ganger.

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Avil: Du får fylje med då og seie frå når eg skriv for mykje du aldri ville finne på å skrive. For det er nok risiko for det, kjenner eg oss rett 😉

    KEE: Det er nok eit spørsmål om tidsperspektiv. Eg har lese ein stad at om 8-9 milliardar år er sola, sjølve førestnaden for alt vi kallar fornybart, redusert til ein ubetydekeg kvit dverg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *