Sauene i Saudehornet

Åtvaring: Dette innlegget er fritt for politiske og samfunnskritiske ytringar. Det er berre kos.

Det vert sagt at » allt fe er sin herre likt». Det er langt frå kvar dag eg set like stor pris på denne samanlikninga. Ikkje slik i går. At dei siste 8 etternølarane mine heller ville ta seg ein tur på Saudehornet enn å subbe rundt husnovene heime ein slik dag, er lett å forstå. Likevel trudde eg mest ikkje mine eigne auger då eg stod på Skålaskaret og kika opp mot Vesthornet. Rett under toppen låg dei og orta i ettermiddagssola som om det var det mest naturlege i verda.

Som de ser, vil ein tur ned i Trollkoppen vere raskt unnagjort, om ein tek snarvegen.

Men no er det takk for i år, folkens, det er inga bønn. Det er berre å ta til på den lange vegen heim att.

Etter litt om og men kom vi oss ut or Vikeskåla og på råsa heimover under hamrane i Nivane.


No er det berre rake råsa heimatt. Langt der nede kan ein sjå alle dei autoritetstru som vart med heimatt på sankardag og dermed miste ein fantastisk dag i fjellet. 25 av dei har jamvel lagt ut på siste reis til Førde i mellomtida. Det finst mange gode grunnar til å halde seg i fjellet.

Dagens digresjon


Så flatt kan ein få det til å sjå ut. Det er ikkje juks, berre eit spørsmål om perspektiv. Så kan ein spørje deltakarane på «Saudehornet rett opp» om det er eit sant bilete.

En tanke om “Sauene i Saudehornet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *