Men….. kven skal halde spikaren ?

Lat meg byrje med eit lite sitat frå ei bok eg held høgt: ... så lat ikkje den venstre handa di vete kva den høgre gjer. Slik kan det altså lyde når ein dreg ei setning ut av samanhengen sin. Vi har i Noreg ein miljøvernminister som er teolog. Ikkje ein konservativ fundamentalist, men det vi trygt kan kalle liberal. Etter det eg skjønar likar ikkje dei at folk dreg ord ut av samanhengen sin og slettes ikkje at ein tek orda bokstavleg. Men no byrjar eg jammen å lure.

Dei fleste er samde i at NOx er ein uting. Dette er skadelege nitrogensambindingar som vert danna når hydrokarbonar brenn ved høg temperatur, t.d. i ein dieselmotor. I det nyleg framlagde forslaget til statsbudsjett vert det varsla ei drastisk omlegging av bilavgiftene og heretter skal avgifta vere avhengig av CO2 utsleppet. I utgangspunktet er dette ein god tanke, tykkjer eg. Men eg såg at den bilmodellen som kjem best ut av det avgiftsmesseg i Noreg samstundes kjem heilt på botn i ei amerikansk undersøking grunna stort utslepp av NOx. Ja, ja, ein kunne vel sjå på det som ein liten glipp, eller kanskje at det var CO2 utsleppet som skulle prioriterast denne gongen.

Men så var det at ramaskriket kom frå fiskebåtreiarane. Og ikkje utan grunn. Dei er nemleg pålagde ei ny avgift som dei hevdar vil knekke store deler av flåten. Kva er det så som skal avgiftsbeleggast ? Jau, det er NOx……. Det er då eg ikkje skjønar nokon ting lenger.

Førstkomande søndag er det innsamling til «Leger uten grenser». Truleg får du bøsseberarar på døra di og i høve den vil eg fullføra sitatet eg kom med i byrjinga og den rette meininga kjem fram.

Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje den venstre handa di vete kva den høgre gjer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *