Sølvslottet på Krøkja

Denne posten er utan bilete. Biletet eg skulle legge ut vart rett og slett aldri teke. Dagen dette ikkje skjedde var søndag 16. oktober i halv sekstida.

Det var ein litt regntung ettermiddag og eg var på veg i bil til Fosnavåg. Inne i fjordane var det allereie halvskymt, men eg har ofte opplevd korleis det lysnar når eg nærmar meg kysten og himmelen faldar seg ut over meg. Difor tok eg med meg kameraet likevel.

Rett før du kjem til Fosnavåg kryssar vegen  eit sund.  Sidan har eg funne ut at brua over sundet må vere Buholmbrua og det  var medan eg var ute på brua eg såg biletet mitt. På ein liten grøn holme på sørsida av vegen låg eit  gamalt hus.  Vind, sol, regn og lite vedlikehald hadde sett sine tydelege spor. Men det var lett å sjå at det ein gong hadde vore eit staseleg bygg.  Den gongen  for lenge sidan då det å bu på ein veglaus holme ikkje var nokon ulempe. Tuntrea  var store kastanjar, kanskje bøk og eik óg ,det var ikkje så lett å sjå. Men haustfargane var uansett på sitt mest intense. Grønt, gult, orange, raudt og brunt . Og  denne ettermiddagen var det som om alt der ute på denne holmen var  lyssett innanfrå . Den verbitne bordkledningen på huset skein  som  sølv.

Men eg kunne ikkje stanse der ute på brua. Dessutan var det allereie for mørkt til å ta bilete. I alle høve utan stativ. Difor eksisterer dette biletet kun inne i hovudet mitt. Og det vert berre vakrare og vakrare. Lightroom og Photoshop og andre biletbehandlingsprogram har ikkje ein paddesjangs mot det som skjer med bilete som kun finst inne i hovudet  vårt.

Dei er berre så vanskelege å dele.

I ettertid har eg leita litt rundt på nettet for å finne bilete frå Krøkja, som denne holmen truleg heiter. Dette er det einaste eg har funne.

 

 

 

 

En tanke om “Sølvslottet på Krøkja

  1. Rune

    Sant, så sant… de vakreste bilder har vi kun i vårt indre arkiv. Noen ganger strever vi etter å fange det beste med kamera men glemmer vårt eget minne… det er viktig at vi gir påfyll i egne rekker før vi fyller opp minnebrikken på kamera.Kloke ord til ettertanke!

    Ønsker deg en riktig god jul! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *