Som eit lønnefrø


For tida finn du millionar av dei i skogen; Nyspirte lønnefrø. Dei har lege og venta heile vinteren medan dei har stramma spiralfjøra, for så, når tida er der, bryte ut av skalet og sende rotstengelen mot jorda. Som eit lite livsens mysterium, finn dei vegen same korleis dei har landa etter flygeturen frå trekrunene. Berre ein ørliten del av dei spirte frøa vert nokongong til eit nytt lønnetre (og godt er det). Allt avheng av tilhøva på staden frøet har landa. Men på dette stadiet ser dei like vitale ut alle saman.


Det er ikkje lett å sjå på denne spiren at slaget er tapt, men lagnaden ville det slik at frøet landa i mosen. midt på ei stor steinhelle.Inga framtidsvon.

Denne etterjulsvinteren har vi fått mange påminningar om at vi ikkje har fare heilt fint med livsgrunnlaget vårt og at utfordringane står i kø framover. I samband med dette, ryk Pål Presterud i Cicero og Steinar Lem i «Fremtiden i våre hender» i tottane på kvarandre. Presterud hevdar at FIVH si stadige pukking på vårt personlege ansvar for å redusere forbruket vårt verkar øydelggande på motivasjonen. Han meiner at løysinga ligg i å gje politikarane våre armslag til å gjere dei naudsynte og upopulære tiltaka. Som svar på dette, hevdar Steinar Lem at Presterud ikkje fortener forskartittelen sin. Ein debatt med sterk språkbruk altså. Eitt er i alle fall sikkert og det er at dersom klimadebatten skal halde frem på dette nivået, som ein annan tiurleik, vil ingen ting skje. Og for kvar dag som går utan at noko skjer, vert vi meir og meir prisgjevne krefter vi ikkje kan påverke, akkurat som lønnefrøet.

Eg kunne no ha laga ei kopling til hanekampen mellom Lem og Presterud, men har du ikkje allereie lese noko om striden, kan du likegodt late vere. Ikkje verdt å bruke tida si på. Det burde i grunnen kamphanane sjølve skjøna også.

En tanke om “Som eit lønnefrø

  1. Energimann

    Igjen, dette var interessant.

    Jeg tror at historien vil vise at mens de profilerte aktørene diskuterte, så introduserte naturen endringene uavhengig av politiske vedtak og/eller synspunkter til interesseorganisasjoner.

    Som kjent ”Humans discuss, NATURE acts”.

    Jeg begynner (dessverre) å tro at de som vil stå best rustet til det som kommer er de som nå tar ansvar for seg selv og forbereder fremtiden på eget initiativ basert på den informasjonen de nå sitter med, og forventninger til hva fremtid dette vil innebære.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *