Om å liste seg heimatt på økologiske pailabbar.

6 milliardar. Det er mange menneske. Dersom vi tok kvarandre i hendene, kunne vi lage ei kjede som rakk frå jorda til månen og attende. 15 gonger. Og kvar einaste av alla lekkjene i denne kjeda er omfatta av FN si menneskerettserklæring. Der står det mellom anna:
Artikkel 25, 1. punkt:
-Enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for hans og hans families helse og velvære, og som omfatter mat, klær, bolig og helseomsorg og nødvendige sosiale ytelser, og rett til trygghet i tilfelle av arbeidsløshet, sykdom, arbeidsuførhet, enkestand, alderdom eller annen mangel på eksistensmuligheter som skyldes forhold han ikke er herre over.

Kvar ein einaste dag får vi prov på at ein stor del av menneska på jorda lever under vilkår som ligg betydeleg under det dei har krav på i høve menneskerettserklæringa. Men er jorda stor nok til at det i det heile er mogleg at alle skal få retten sin?

Eg ser det i sauefjøsen, i naturen og i samfunnet elles. Den som ikkje står på for plassen sin i matfatet, går ei usikker framtid i møte. Det kan høyrest brutalt og kynisk ut, men slik er det. Vi menneske har vore flinkast i klassen i mange tusen år no, og vi har opparbeida oss stjernestatus i matfatet. Vi har derimot ikkje vore like flinke til å ”hegne oss”. Vi har forsynt oss meir enn det som er berekraftig. Vi kan rett og slett ikkje halde fram som vi har gjort til no.

Det store spørsmålet vert då : Er det mogleg å kome seg ”heim att” utan å mise nokon på vegen ? Og kva skal vere det overordna målet.? Radikale endringar må til, men eg er ikkje overtydd om at vekemiddelradikalarane bør få fritt spelerom. Eg vart t.d. litt skremd då eg las om Peter Singer, som eg fann lekkje til på Dyrebeskyttelsen sine nettsider.

Peter Singers 5. bud. Ikke diskriminer på grunnlag av art.

«Hvis vi sammenligner et svært funksjonshemmet menneske-spedbarn med et dyr, slik som en hund eller en gris, vil vi ofte finne at dyret har overlegne egenskaper, både potensielle og aktuelle, for rasjonalitet, bevissthet om egen eksistens, kommunikasjon.»

På denne bloggen finn du nærmare presentasjon av etikaren. Trykk her

Eg må berre vedgå at eg har alvorlege problem med dette og at eg fryktar at vegen heim vert lang, vond og vanskeleg med dette tankegodset i bagasjen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *