Å hoppe samstundes med Wirkola

Biletet er det Scanpix som eig

Dei av dykk som er innom av og til har nok oppdaga at det vert lenger og lenger mellom kvar oppdatering her inne. Årsakene til dette er mange, men ei av dei viktigaste er at dei emna eg stort sett har skrive om har blitt godt stoff i det som (gjerne litt nedlatande) vert kalla MSM eller ”main stream media”.

I dei store papiravisene ser ein at dei skarpaste pennane skriv knakande gode innlegg om matvaretryggleik medan radio og TV er fulle av program om klimakrise og naturvern. Ein ser endåtil at ein i beste sendetid kjem ustraffa frå å hevde at energi kan verte eit knappheitsgode i framtida og at ikkje alle alternative energikjelder er like uproblematiske.
Det å hoppe etter Wirkola har aldri vore ei takknemleg oppgåve. Det er ein ting som er verre. Det er å hoppe samstundes med Wirkola. Ein får kanskje vise tålmod og ta det med ro til folk har fått nok og emna har blitt dårleg stoff. Det er nemleg skræmande liten fare for at problema vert løyste før den tid.Vi prøvehopparar gjer kanskje lurast i å vente på pausen og 2. omgang. For 2. omgang kjem sjølv om både skodda legg seg og Holmenkollen forsvinn.
Eit anna spørsmål er kor mykje all mediemerksemda hjelper. All den tid det er differansen mellom analytikarane sine prognoser og det verkelege kvartalsresultatet som avgjer verdien på investeringane våre er eg ikkje vidare optimistisk. Men akkurat dette får dei som har greie på det halde på med. Fondsmeklarar og slikt. Eg prøvde meg visst på noko om dette i fjor ein gong.
Det gamle innlegget mitt finn du her.
(Det var forresten synd at det var representantar for Kommunenoreg som skulle gå så ettertrykkeleg i fella)

PS

Det kan vere verdt å merke seg at innlegget inneheld ei lenkje til Oslo Finans ASA si side for marknadsføring av hedge fond, noko eg har skjøna skal vere ulovleg her i landet. Berre spør sjefen i Terra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *