Ikkje akkurat småljåslått, men..

Eg er redd at svolten må verte svært nærgåande før småljåslåtten i utmarka får nokon renessanse som reiskap for matauk. Ein skal ikkje sjå bort frå at stuttorvet, som denne reiskapen vart kalla på våre kantar, vil finne sin plass som hjelpemiddel for å halde kulturlanskap i hevd eller som rekvisitt i meir museale aktivitetar. Likevel ynskjer nok få seg attende til ei tid der ein velfylt ljåkasse og løypestreng var ein føresetnad for å overleve komande vinter.

Redsle for verknadene av klimaendringar,endra kosthald i dei nyrike landa,auka bruk av mat til drivstoff og rekordhøge olje- og kornprisar har fått mange til å uroe seg for matforsyninga i framtida. Dette har også fått mange til å innsjå at vi er avhengige av innanlands jordbruksproduksjon.

Spørsmålet vert då: Kva slags jordbruk er det eigentleg vi treng ? Det politisk korrekte svaret på spørsmålet er for tida ”økologisk”, som om det i seg sjølv skulle vere løysinga på alt. Dei meir nostalgisk anlagde av oss har i tillegg sett utviklinga som eit argument for å halde liv i det norske småskalajordbruket. Det er trass alt ein viss logikk i at stigande matvare- og drivstoffprisar skulle føre til auka lønsemd i småskala ”low-tec” landbruk.

Dette er ikkje ei særnorsk problemstilling. Ute i verda er emnet livleg debattert og mellom andre den amerikanske forskaren Stuart Stanisford har slege kaldt vatn i blodet på dei som ser utviklinga siste tida som eit argument for å reversere utviklinga. Kron-argumentet hans er enkelt og genialt: Dersom ”reversialismen” skulle ha noko føre seg, skulle dei stigande prisane på energi og matvarer ha ført til ein stagnasjon i industrialiseringa. Han viser at det motsette er tilfelle. Kanskje litt trist for nokre, men likevel sant.

Det er kan hende på tide å stikke fingeren i jorda, heilt bokstavleg.

Eg må gjere merksam på at eg nedanfor ser bort frå viktige rammefaktorar knytte til støtteordningar, eventuelle WTO-avtalar, EU-direktiv og kostnader knytte til bygningar, maskiner og arbeidskraft.

Også for ein bonde er inntekta skilnaden mellom inntekter og utgifter. Siste tida har prisane på bonden sine produkt auka, så inntektssida skulle for så vidt vere på rett veg. Den største usikkerheita knyter seg til utgiftssida. Utgiftssida består mellom anna av kostnader knytte til innkjøp av drivstoff, kraftfor, kunstgjødsel, sprøytemiddel, såvarer, landbruksplast og ensileringsmiddel. Dei fleste av desse kostnadene er nært knytte til oljeprisen som i skrivande stund er over 107$/fat og på tur opp. For kraftforkostnadene sin del, er dei sjølvsagt knytte til kornprisen som er knytt til……ja du skjøner.

I denne situasjonen er sola og regnet (som vi sjølvsagt har lite kontroll med) og eit jordsmonn i god hevd og god utnytting av ressursane på garden stadig meir avgjerande. Det å halde driftsutgiftene nede og produktiviteten i jorda oppe, også på lang sikt, vert nøkkelen til berekraft. Eit jordbruk der matjorda kun tener som substrat for innkjøpte innsatsfaktorar har smått med framtidsvoner. Kva merkelapp ein vil setje på eit slikt jorbruk er for meg revnande likegyldig, men det økologiske landbruket har nok eit forsprang. Men eg er langt frå sikker på om ei Debio-godkjenning i seg sjølv er nokon garanti for berekraft.

Vil du lese meir om dette, kan kanskje fylgjande lenker vere interessant.

Stuart Staniford: “The fallacy of reversibility”
Sharon Astyk: ”Is Localisation doomed?”
John Michael Greer: “The archdruid report” (Denne må du lese uansett)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *