Og vesle lerka ho hev det so

Mange kjenner sikkert Per Sivle sin song «Lerka»frå før. For å friske opp minnet, får du likevel første verset her:

Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på vår med ein einaste gong.
«Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!»

No er det visst ikkje berre lerka som «hev det so», lenger. Eit par dagar med opplettver og temperaturar rundt 10 grader, så vart sauene overtydde om at våren var på veg, fann seg eit hol i bøgarden og strauk til fjells. Snøkaven på sankardag var fullstendig gløymt. Som ein kan sjå av biletet, var det ikkje akkurat grønegraset som lokka.


Så kva sauene eigentleg var ute etter, er ikkje godt å seie. For Nivasida er for tida ein ugjestmild stad. Det fekk i alle fall karen nedanfor erfare. Truleg har han møtt sin overmann ein dag i førre veke. Det må ha vore litt av ei kjempe. Det er ikkje kven som helst som går sigrande ut av kampen med ein 12-taggar i god form.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *