Er det ei naturlov, må det verte slik ?

Fotografen Thomas Borberg i avisa Politiken i København har her fanga eit av resultata etter kampen om ungdomshuset Ungeren i København.
Eg trur at ynskje om makt, kynisme, grådigheit og egoisme er ganske jamnt fordelt i dei fleste lag i samfunnet. Eg likar også å tru at rettsstaten og likskap for lova skal fungere som eit vern mot dei mest ekstreme og destruktive fylgjene av slike menneskelege eigenskapar.
Kva vern har då enkeltindividet dersom ein vel å plassere seg utanfor dette systemet ? Kardemommelova funkar sikkert OK så lenge alle, også dei svakaste, er samde i definisjonen på ”snill og grei”, men vi har nøgda av døme på at den justisen som kan utvikle seg innanfor slike alternative miljø kan ha svært usympatiske drag.
Dette meiner eg samstundes som eg har sans for mange av dei aksjonane som opp i gjennom tidene har blitt definert som sivil ulydnad. Føresetnaden er at den sivile ulydnaden vert nytta som eit middel for å setje fingeren på eit sprik mellom ”lovens bokstav” på den eine sida og allmenn rettsoppfatning eller det som vert oppfatta som sunn fornuft på den andre.
Men spør du dei som måtte rydde opp i butikken sin, har dei kanskje eit anna syn på saka.

3 tanker om “Er det ei naturlov, må det verte slik ?

  1. Avil

    Eg er samd i at rettstaten skal vere eit vern for alle. Men uansett truslar om fengsel eller bøter, er det likevel nokre folk som gjer som det passar dei. Og då tenker eg at me må sørge for at det er muleg at livene deira blir slik at dei ikkje har lyst til å ramponere også. ikkje ved å la dei gjere kva dei vil, bevares. Men ved å legge til rette for at opprør og kreativitet kan nyttast på andre arenaer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *