Flygeleiaren i lundeura

dommaren
Eg må vedgå at vi mest hadde byrja å studere TV-programmet for laurdagskvelden, men var samde om at det var for gale å bruke opp ein nydeleg laurdagskveld framfor skjermen. «Men kan vi ikkje køyre ut til Runde, gå på fuglefjellet og sjå sola gå ned i havet ?»  Som tenkt, så gjort. Ein times køyretur og ein halv times spasertur opp i lundeura. Mange hadde tenkt det same, men eg trur vi var dei einaste som snakka norsk.Fotoutstyr for hundretusenvis av kroner stod oppstilt på stader eg ikkje hadde våga å setje frå meg kaffikoppen. Sjølv hadde eg ikkje med stativ ein gong og følte meg ørlite bortkomen mellom telelinsene med brennvidder oppunder meteren.
villsauer

goksoyrfjore

En tanke om “Flygeleiaren i lundeura

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *