Finaste kaffibaren i verda

kaffibar1
Har du sett ”The bucket list”, skjønar du sikkert kva eg legg i det når eg seier at eg meiner å ha meir til felles med Morgan Freeman sin karakter enn Jack Nicholson sin når det gjelt tilhøvet til kaffi (og dei fleste andre område i livet, heldigvis). På ein skala frå frysetørka med vatn frå varmtvasskrana i den eine enden til Kopi Luwak (slå opp om du lurer) i den andre, ligg eg nok trygt plassert i ”frysetørkaenden” av skalaen og dess lenge ut i utmarka eg kjem dess mindre kravstor vert eg.
Men no har det seg slik at eg har ei dotter som har hatt ekstrajobb på kaffibar siste åra og eg har ein mistanke om at ho har sett det som ei oppgåve å utvide horisonten min når det gjeld kaffii. Og eg vedgår det gjerne: Etter å ha drukke presskannetrakta yirgacheffe på setra i morgonsola, skjønar ein at det er skilnad på kaffi. Og på kaffibarar.
Og når det gjeld ”The bucket list”, så er det ein fin film.

2 tanker om “Finaste kaffibaren i verda

  1. bandanders Innleggsforfatter

    Ja du veit, det kan kome mykje, både godt og gale, ut av store smellar. Føreset at ein trur på vitskapen, då.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *