Om livet i bratte bakkar

blaahimmel2

Så var det endeleg einkvan som drog ut proppen og der hoppa termometeret 10 grader.

Elles så kan eg opplyse at eg mandag fekk svar på tre eksistensielle spørsmål og at eg først i dag er i stand til å skrive om den skjelsetjande hendinga med ei viss sinnsro. Eg sit altså no med fasiten på fylgjande:

Kor fort kan ein rundballe trille ?

Kor høgt kan ein rundballe hoppe?

Er det ei grense for kor mykje flaks det er mogleg å ha ?

7 tanker om “Om livet i bratte bakkar

  1. Per Kristian

    Skal ærleg vedgå at eg kjenner meg snytt for ei god historie her, og med dei eksistensielle dimensjonane du legg opp til, sikkert for eit godt preikepoeng òg. Eg veit ikkje kva du tenkjer å gjere vidare med dette?

  2. KEE

    Nei, så dæggern inni svarteste… Syvhundre kilo prima fortørka Grindstad er ikke akkurat enkelt å stoppe, nei.
    Her kan vi jo dra frem god, gammel fysikk: E=v’2*m/2, der E gis i joule, v i meter per sekund og m masse i kilogram:
    Si ballefaen hadde oppnådd tredve kilometer i timen så utvikles det ved bråstopp(8,33 m/s * 8,33 m/s * 700 kg)/2 = 24286 J. Til sammenlikning er det krav om at tigramskula skal treffe storviltet med 2200 J…

  3. bandanders Innleggsforfatter

    Kor fort kan ein rundballe trille ? Så fort at blodet frys

    Kor høgt kan ein rundballe hoppe? Høgare enn tanken når

    Er det ei grense for kor mykje flaks det er mogleg å ha ? Nei

    Noko seier meg at i alle fall nokre av Murphy sine lover er overmogne for revisjon(det er visst berre tull at Edward A. Murphy jr er opphavsmann til denne samlinga av deprimerande utsegner)

    KEE: Eit skræmande reknestykke. Ein rundballe på avvegar har altså nok kinetisk energi til å ta livet av meir enn ti elgar.

    Når ein då tenkjer på at rundballen hadde retning mot eit stoveglas, så mot ein garasje, ein bil, ringveren og til slutt det nye hønsehuset til naboen, var det heilt uverkeleg at han skulle treffe ein haug med kassert surfor som eg ikkje har rulkke å fjerne, prette, naturstridig høgt opp i lufta, lande på enden med ein dump smell gjere eit nytt lite hopp og lande på andre enden på kvitestripa. Så var det berre å køyre ned og ta han i klypa og køyre han på plass. der var ikkje hol i plasten eingong.

  4. Synline

    Å fy hut!
    Godt at man kan ha flaksen på sin side.

    Bildet ditt var så utrolig Sound of Music, det er like før jeg bryter ut i sang her jeg sitter 😉

  5. bandanders Innleggsforfatter

    Ja, med polarfilter på kameraet kan ein sunnmøring sleppe å reise til Østerrike om det er blå himmel og spisse fjelltoppar i synsranda ein er ute etter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *