Den 4. aggregattilstanden

kaldmorgonPå skulen lærer vi at dei aller fleste stoff kan vere i 3 ulike aggregattilstandar; fast stoff, væske og gass . Vatn finn vi til dømes som is, flytande vatn og vassdamp.

Men alle som har vore ute ein haustdag med ei snøgrensa som går opp og ned mellom hårgarden og skosålane, veit at dette er berre tull.  Vatn har ein 4. tilstand som ikkje er nemnd i  faglittereaturen; «seigt regn».  Sidan dette er eit naturfenomen det ikkje har vore forska på, er det ikkje mykje eg kan skrive om dette seige regnet, bortsett frå at vatn er på sitt aller kaldaste i den 4. aggregattilstanden.

5 tanker om “Den 4. aggregattilstanden

  1. Inger Lise

    Synest kanskje du skal beg.å forske på ditta fenomenet ej! Det hadde du fort funne utav, kor ditta virka:)

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Eg veit ikkje eg, Inger Lise. Vi amatørane har vel forska på dette no i 2-3 veker enten vi ville eller ikkje. Eg for min del kan ikkje seie at eg er nærare ei løysing.

  3. Inger Lise

    nei, med du må få dej forskarstilling på den store skulen i nabobygda, sjønar du! Ta doktorgrad og greier!! Då kan du gå oppi skogen og «sope» heile dagane (og trakke i slapset;)
    Lykke til:)

  4. KEE

    Det er noe entalpigreier ute og går her. Det kreves mange watt for å tine snø, og det skal i teorien gi fra seg en masse varme når det fryser. Min påstand er da at slapsekorn på ett eller annet vis har vridd seg unna denne utbetalingen, og går rett over på å kreve varmen fra deg når du forsøker med ringe effekt å nytte kroppsvarme til å få tint rukkelet.

  5. bandanders Innleggsforfatter

    Ja, det er nok slik det heng i hop. Mange av oss har vel gjort naturfageksperimentet der vi måler temperaturen i ei blanding av vatn og is og med ein lett fortvila lærar som hardnakka påstår at temperaturen i blandinga aldri vert over 0 gtader før all isen er smelta, berre vi rører godt nok. Og kvar skal smeltevarmen kome frå når omgivelsestemperaturen er 0-1 grader om ikkje innanfrå ?

    Ein annan ting eg har tenkt litt på no i haust er desse tabellane som syner effektiv temperetur. Dei tek omsyn til temperatur og vinstyrke. (Eg reknar med at ein legg inn luftfuktigheit også) Men korleis regn påverkar den effektive temperaturen, kjem aldri med i slike tabellar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *