Om du går gjennom "Fields of gold" eller "Hell & High Water"

Eg laga meg ein gong ei liste over bloggar eg ofte var innom og la dei på lesaren til Google. På den måten kunne eg halde meg oppdatert på kven som la ut nytt stoff utan å måtte klikke meg rundt og sparte meg nokre sekund om dagen på det. No er det ei stund sidan eg var innom, men i går sjekka eg ut kva som ligg bak alle lenkene rundt om på hovudsida til Google og eg klikka meg inn på «leser». Heilt tomt. Det einaste som låg der var dei siste to innlegga mine på «Den blå Klinkekula».

Samstundes høyrde eg Liverpool-songen «You never walk alone» på radioen. Eg er ikkje Liverpool-fan. Interessa mi for fotball har faktisk minka proposjonalt med auken i fotballrundtomkringpratet på TV. Før kunne ein sjå kampen og så kunne ein snakke om han med verkelege menneske etterpå. No er alt gjennomanalysert og ferdigtygd før ein trykker på «Av» knappen på TV. Men som sagt, eg høyrde «You never walk alone» og lista over oppdaterte bloggar var og er tom. Ein kan verte Liverpool-fan av mindre.

Elles så høyrde eg ei anna tekstline i går som surrar rundt i hovudet mitt i dag. Ho går slik:

If you’re walking through hell and high water

Please don’t do it alone

Lina er henta frå songen «Hell & High Water» av og med Black Stone Cherry. Eg veit lite om bandet bortsett frå at medlemene er fire unge menn frå Kentucky som spelar skikkeleg, god, og hard rock. Eg vil ikkje gå god for kor politisk korrekte dei er. Og kanskje er det å reklamere for slik musikk ein risikosport dersom ein vil framstå som seriøs. Men eg vart rett og slett glad av å høyre gjennom songane dei har lagt ut på myspace. Glad på ein måte som liknar kjensla ein har etter å ha høyrt Springsteen med songane frå «We shall over come». Det held i lange baner for meg.

Moralen i dag er altså: If you’re walking through hell and high water, please don’t do it alone. Men stol ikkje på internett.

2 tanker om “Om du går gjennom "Fields of gold" eller "Hell & High Water"

  1. bandanders

    Nei, det er truleg heilt bortkasta,forferdeleg kjedeleg og hadde nok teke knekken på skrivelysta.

    Dessutan har det denne helga synt seg som eit mykje betre trekk å gje seg ut for å vere sutrete og sjølvmedlidande. Men eg kjem truleg ikkje til å satse på det heller. Biverknadene er for alvorlege.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *